Du er her: Hovedsiden > KAMPREFERAT > Olsvik heim med braktap

Olsvik heim med braktap
FOTO:Rune Rivedal
Startande mot Olsvik


Det vart til slutt lett match for Krabbetor heime mot Olsvik. 6-0 vart resultatet til slutt, og sigeren kunne nok vore mykje større om krabbene hadde vore litt meir effektive. Øyvind (2), Oddgeir (2), Ole Petter og Svein-Erik stod for måla.

Av: Svein-Erik Helle

Kampfakta


Tid: 26.04.2009 - avspark klokka 16.00

Stad: Nymark kunstgress

Vêr: 12-13 grader og sol, litt vind (medvind i fyrste omgang og motvind i andre)

Dommar: Anders Ekberg Nymark, Bergen

Lag: Ole Jørgen – Gaute (Rune 65. min), Tor Einar, Hans – Øyvind (Richard 70. min), Stefan (Knut 45. min), Svein-Erik, Oddgeir, Fredrik (Ricke 55. min)) - Vegard (Eirik M 70. min), Ole Petter.

Mål:

1-0 Ole Petter (20. min - tilretteleggar Oddgeir)

2-0 Øyvind (30. min - tilretteleggar Oddgeir)

3-0 Svein-Erik (50. min - tilretteleggar Øyvind)

4-0 Øyvind (70. min - tilretteleggar Oddgeir)

5-0 Oddgeir (75. min - frispark)

6-0 Oddgeir (78. min - tilretteleggar Hans)

Kort

Ingen til oss, 1 gult til dei


Dagens Krabber:

Svein-Erik 3p, Øyvind Emil 2p, Oddgeir 1p

(Jury: Bjørn, Oddgeir, Ole J)


Kampreferat

Kampreferat
årets fyrste heimekamp, og vi vart vitja av eit Olsvik-lag som kom rett frå ein knusande heimesiger mot Mann. Olsvik var store menn sjølv, og satsa mykje på fysikk og lange ballar. Desverre for gutane frå heimstaden til Terje Hauge var det ikkje nok i dag mot eit krabbelag som kunne mønstre årets sterkaste tropp til dagens kamp. Bjørn og Tommy sto over med småskader, og Øystein er framleis ute med skulderskaden han har slete med ei stund. Men alle som var med fekk ein god del speletid, og alle gjorde ein god figur framfor dei rundt 30 Krabbefansa som hadde møtt fram i solskinnet på Nymark.

Kampen starta litt nølande frå vår side, med mykje duellar og kjemping frå begge lag. Men etter ein hektisk start roa vi ned og byrja å trille ballen, og når vi gjorde dette vart det klart at Olsvik ikkje hang med i svingane. Sjansane byrja å komme også. Svein-Erik nøla åleine med keeper, medan både Øyvind og Ole Petter hadde gode skuddforsøk. Det verka klart at 1-0 nærma seg, og skoringa kom etter ca. 20 minutt av omgangen. Svein-Erik fører ballen opp på venstresida og slår ein stikkar til Oddgeir. Olsvik roper på offside og blir ståande, men Oddgeir (som sikre kjelder seier ikkje var i offside) slår enkelt ballen inn til Ole Petter som set den i det tomme målet. 2-0 kom ikkje lenge etterpå, og denne gang kom målet på ein dødball. Oddgeir slår eit flott innlegg som etter mykje om og men når fram til Øyvind. Han bankar ballen kontant opp i nettaket og 2-0 er eit faktum. Resten av omgangen held vi fram med mykje fint spel, og det var ei klar forbetring offensivt i forhold til forige kamp. Mange samtidige rørsler og mange krabber som hadde lyst på ball. Samstundes var vi betre til å vende spelet i denne kampen enn den forige mot Skogsvåg. Inn til pause spelar vi oss til ein del halv- og heilsjansar, utan at vi greier å overliste Olsvik-keeperen. Olsvik skapar ikkje så mykje; det dei skapar er eit par halvsjansar etter at vi gir frå oss ballen i farlege posisjonar.

I andre omgang er det fyrste som skjer at vi undervurderar medvinden Olsvik plutseleg har fått og vi sleep eit utspark frå deira målgård inn i bakrommet. Olsvik-spissen kjem åleine med Ole Jørgen, men greier ikkje å overliste Krabbekeeperen, som gjer ei meget kvalifisert redning. Dette var ein av totalt to gonger at Olsvik fekk sjansar etter spel inn i bakrom; det må vere godkjent med tanke på at dei sikkert hadde 100 forsøk på det. Etter den litt rufsete åpninga på omgangen tek vi nok ein gang tak i ballen og byrjar å spele hurtig langs bakken. Både Vegard og Ole Petter kjem til gode sjansar etter løp i bakrom, men begge to bommar under hardt press frå Olsvik-forsvaret. Men 3-0 kom uansett ganske fort; Svein-Erik er fyrst nær å sette inn 3-0 etter å ha nesten nådd fram på eit innlegg frå Vegard, men Øyvind plukkar opp ballen på motsatt kant og slår hardt inn i feltet. Der fomlar Olsvik-keeperen ballen ned å føtene på Svein-Erik som enkelt kan sette ballen i det tomme målet.

3-0 verka som spikaren i kista for Olsvik. Dei byrja å satse relativt «hauelaust» framover, og Krabbene fekk store rom å boltre seg på. Knut og Oddgeir var gode distributørar, og Fredrik, Øyvind, Richard og Ricke var alle gode breddehaldarar på kantane. Dette førte til at vi kom til mange gode innlegg, og både Svein-Erik, Eirik Magnar, Ole Petter og Richard kom til gode sjansar etter godt kantspel. Vi har fortsatt ein del å jobbe med når det gjeld effektiviteten, men etter 6-0 mot eit lag som vann 6-1 i fyrste kampen skal ein ikkje klage for mykje. Effektiviteten kjem etterkvart.

Dødballane til Oddgeir er eit av våre beste angrepsvåpen, og dei resterande 3 måla kom alle som eit resultat av dette. 4-0 kom ved Øyvind sin siste touch i kampen; han steig himmelhøgt til vêrs og nikka kontant inn ein Oddgeir-corner før han kontant vart tatt av bana av manager Klausen. 5-0 kom etter at Ole Petter hadde blitt sparka ned på ca. 20 meter, og Oddgeir vakkert plasserar ballen heilt oppe i kryssen i motsatt hjørne. Og krona på verket vart satt litt over 10 minutt før slutt då ein skikkeleg Lammetun-kombinasjon på ein kort corner gjer at Oddgeir kan føre ballen inn i feltet etter pasning frå Hans; Oddgeir gjer det han gjer best – knallar ballen i motsatt hjørne. Dei siste ti minuttane vart prega av at Olsvik låg igjen med 6 mann på topp, og at Krabbetor var lystne på å halde nullen i andre kamp på rad. Vi skapar nokon sjansar sidan vi får så store rom, og dei skapar nokon halvsjansar på dødball, men kampen ebbar ut med 6-0 til heimelaget.

Alt i alt må vi seie oss godt nøgde med denne kampen. Defensivt er det solid, og det er veldig kjekt å halde nullen i to kampar på rad. Måtte dette halde fram. Offensivt var denne kampen eit stort skritt fram i forhold til den fyrste mot Skogsvåg, og sjølv om vi i dag spelte mot eit lag som var mindre glade i å springe enn dei grøne frå Sotra, så var det mykje på grunn av at vi fekk tempo på pasningane våre at vi greidde å spele ut Olsvik. No ventar Mann på Møhlenpris neste helg; dette vert eit skikkeleg sentrums-oppgjer mot eit fysisk sterkt Mann-lag som slo tilbake etter fadesen forige helg med å kapre eit poeng bortte mot Øygard 2. Vi leiar serien på målforskjell etter denne runda, og skal gjere alt for å ikkje gje den frå oss igjen. Up the Crabs!



Kommentér artikkelen:

Kommentarer skal ikke inneholde reklame.
Upassende innhold vil bli slettet uten forvarsel.
Navn:
Kommentar: